Back to All Events

Vi over 60


  • Lyngmo Ungdomssenter 21 Lyngmo Hafslo, Vestland, 6869 Norway (map)

I 2024 er me heldige og har fått med oss Marit og Jarle Stokken Berland og Egil Sjaastad som talarar.

Meld dykk på så snart som mogleg. Det kan verta fullt.

Hjarteleg velkomne!!


Påmelding

 

Her er link til påmelding-skjemaet:

https://www.lyngmoinfo.com/vi-over-60


Kva og kvifor Vi over 60

Dette er ein leir for dei som er på veg inn i pensjonsalderen og for dei som er godt etablerte pensjonistar. På leiren ønskjer me å setje deltakarane i fokus ved at alle vert sett og inkludert i det sosiale fellesskapet. På Vi over 60 kombinerer me grundig og bibeltru undervisning med lettare underhaldning og aktuelle seminar. Kvart år legg me også opp til ein tur ut i lokalsamfunnet. Indre Sogn har mange perler me kan syne fram! Me trur slike leirar er viktige sosialt. Like viktig er det at ein får påfyll frå Bibelen til eit liv i dagleg etterfølging av Jesus!

 

Talarane

Marit og Jarle Stokken Berland

Jarle; forkynnar sidan 1972 i Indremisjonen. Reist for Indremisjonsforbundet, bysekretær i Ålesund og forsamlingsleiar i Brattvåg.
Marit; sangevangelist i Indremisjonsforbundet sidan 1974. Mykje saman med Irene. Marit og Jarle bur på Godøya, Sunnmøre.

 

Egil Sjaastad

Har vore knytta til Fjellhaug frå 1983 til 2019. Er no “dosent emeritus” ved FIH. Har hatt undervisning i bivelfag og praktisk teologi.

 

Brosjyre med dagsprogram


God mat

På leirane på Lyngmo ønskjer me å servere gode og varierte måltid.
For dei som har matallergiar, så er det viktig at de gjer oss beskjed om dette ved påmelding. Då vil kjøkkenstaben prøve å leggje til rette for dei ulike behova.

 

Romstandard

Rom med bad: Det er 25 rom med eige bad på Lyngmo. Romma er enkelt utforma, men med gode senger og elles det du treng.

Campinghytte: Det er også mogleg å bu i campinghytte for dei som ønskjer ein enklare standard. Då får du 15 % rabatt. Hyttene har ikkje innlagt vatn og dei som bur der nyttar det nye sanitæranlegget for campingplassen.

Campingplass: Det er mogleg å ta med campingbil / campingvogn eller bu i telt for dei sprekaste!


Prisar

2775,- for heile opphaldet

*Me køyrer privatbilar på tur.

**Billett/servering på museet kjem i tilegg

820,- i enkeltromstillegg

125,- for leige av sengtøy inkl. handduk

185,- for ferdig oppreidd seng inkl. handduk

15 % rabatt i hytter


Sosialt og aktivitetar

Leiarane har mål om å sjå deltakarane og at alle skal kjenne seg inkludert. Me held høgt dei uformelle pratane rundt borda i peisestova, samstundes som me prøver å ha enkle programinnslag gjennom leiren.Det vert også lagt opp til nokre fysiske aktivitetar med morgontrim og spasertur for dei som ønskjer det.


Leiarane

Gudmund Furnes ‐ 97 99 28 26              Liv Hushagen ‐ 90 47 31 33
Kjell Mjelstad ‐ 91 53 26 04              Harald Berge Breistein - 40 40 47 94


 
Earlier Event: May 16
16. mai feiring!